Helse og rehabilitering

Helse og rehabilitering er ny eining frå 2020 og inneheld 5 avdelingar som tidlegare var ein del av Helse-Familie eininga. Avdelingane under har frå 01.01.2020 desse tenestene frå både tidlegare Eide og Fræna kommunar:

  • Avdeling for fysioterapi og rehabilitering
  • Avdeling legekontor
  • Avdeling kommuneoverlege
  • Avdeling hjelpemiddel forvlning/formindling
  • Avdeling helsetjenesten ved Hustad fengsel

Avdeling for fysioterapi og rehabilitering

Tilsette i avdelinga:

  • 0,5 stilling leiar
  • 5 stillingar fysioterapeutar (+ 0,2 stilling i fengselshelsetenesta)
  • 1 stilling ergoterapeut
  • Kvardagsrehabiliteringsteam: 1 ergoterapeut, 1 fysioterapeut, 1 sjukepleiar (og 1 heimetrenar, vakant frå juni 2019)

Fræna fysikalske institutt: 3 heile driftstilskott

Eide fysioterapi: 2 heile driftstilskott

Leverte tenester:

  • Motteke 290 tilvisingar på vaksne og 134 tilvisingar på barn (0-16 år)
  • Gitt tilbod til tilviste barn og unge i alderen 0-16 år, og til vaksne med behov for tverrfagleg oppfølging, heimebehandling eller gruppetrening
  • Oppfølging av barn som treng habilitering
  • Helsestasjonsverksemd

Viktige hendingar i 2020:

  • Budsjettvedtak for 2021 innebar ei auka satsing på førebyggjande tenester. 400 000 kr skal gå til auka ressursar knytt til kvardagsrehabiliteringsteamet og 600 000 kr er foreslått brukt til anna førebyggjande arbeid, feks auka ergoterapi-ressursar. Dette var eit svært gledeleg signal å få for avdelinga.
  • Deltaking i prosjekt «Min type 2 diabetes» samarbeid med helseinnovasjonssenteret
  • Tilsett ny fysioterapeut ved Fræna fysikalske institutt

Utfordringar i 2020:

  • Corona-pandemien førte til redusert kapasitet og alternativ drift på alle tenesteområda innafor fysioterapitenesta frå mars og ut året.
  • Kommunefysioterapitenesta har vanlegvis 13-15 gruppetreningstimar kvar veke. Det har vore stor pågang på desse gruppene, og ventetid på dei fleste av tilboda. P.g.a. korona-restriksjonar har vi dette året tidvis måtte stenge ned tilbodet og i store delar av året har vi dessverre drive med redusert kapasitet grunna smittevernstiltak.
  • Låge tal på kostra målingane i dekningsgrad per 10 000 innbyggar når det gjeld både fysioterapeutar og ergoterapeutar.
  • Ved Fræna fysikalske institutt blei det meldt 105 avvik på overskriding av ventetid i 2020 (jamfør prioriteringsnøkkel etter nasjonal standard). Dette talet er relativt stabilt frå år til år.
  • Fræna fysikalske institutt har hatt ventetid på ca- 6-8 veker for vanlege pasientar. I tillegg veit vi at ein stor del pasientar går til behandling i nabokommunar eller hos heilprivate fysioterapeutar fordi kommunen ikkje dekker det reelle behovet.
  • Ergoterapitenesta meldte 47 avvik på overskriding av ventetid i 2019 (jamfør prioriteringsnøkkel etter nasjonal standard). Dette talet har også vore relativt stabilt frå år til år.
  • Fysio- og ergoterapitenesta er ikkje ein aktør i skulehelsetenesta.
  • Heimebuande får berre i svært spesielle tilfelle tilbod om oppfølging av fysio- eller ergoterapeut i heimen
  • Manglande kapasitet til å starte «Førebyggjande heimebesøk»
  • Samarbeid og samhandling med andre tenester er ikkje optimalt med tanke på å yte effektive og gode tenester til innbyggjarane
  • Stor etterspurnad etter tenestene generelt og stort arbeidspress på dei tilsette. Behov for å auke stillingsressursane; både ergoterapeutar, fysioterapeutar og fleire fagpersonar i kvardagsrehabiliteringsteamet. Frisklivssentralen har til saman berre 1 stilling. Her er det stort potensiale for utviding av tenestetilbodet når det gjeld endring av livsstil og tilbod læring og mestring m.m.

Avdeling legekontor

Hustadvika kommune har til saman 11 fastlegestillingar.+ ALIS lege. Kommunen tek også imot 2 LIS legar (turnuslegar) 2 gonger i året. Det er ein ressurs på 6,08 stillingar av hjelpepersonell fordelt på 7 tilsette.

Leverte tenester:

  • Legetenesta i Hustadvika har samla ledig plass på pasientlistene, nokre har venteliste.
  • Fræna legekontor har stabil legedekning. Legevaktsamarbeidet går godt.
  • På grunn av Covid pandemien merka ein mindre trykk på legetenesta deler av året.

Viktige hendingar i 2020:

  • Tilsetting av ALIS lege som skal ha si spesialisering i ålmennpraksis i den perioden vedk er tilsett i kommunen. Legen har fastløn.
  • Tilsetting Helsesekretær i 100% og slik samla 2 deltids st.

Utfordringar i 2020:

  • På grunn av Covid 19 har detvore meir utfordrande med drift, med tilrettelegging av mottak av pas med hoste/feber og mistanke om Covid.
  • Det har også vore nødvendig å dele personalet mellom Fræna legekontor og lokalet på Torget slik at ikkje alle var i lag heile tida, dette med tanke på smitte.

Avdeling kommuneoverlege

Tal tilsette totalt: 1. (Kommuneoverlegen 50% st utvida til 100% frå medio mars 2020 pga Covid 19)

Leverte tenester

  • Sesonginfluensa – vaksinering.
  • Elevar ved Fræna vidaregåande skole har også i 2020 fått tilbod omHPV-vaksine. (mot hjernehinnebetennelse)
  • Fikk ansvar for Covid 19 pandemien
  • Oppretting av testteam Covid 19.

Viktige hendingar i 2020:

  • Frå medio mars 2020 kom Corona pandemien og endra fokus for smittevernlegen
  • På grunn av meirarbeidet med Korona pandemien vart stillinga til kommuneoverlegen utvida frå 50% til 100%
  • Pandemien førte til meirarbeid på kommuneoverlegen som fekk hovudansvar for tiltak i kommunen i forhold til oppfølging av smitteverntiltak, testing og « smittesporing»
  • Etablering av tverrfagleg arbeidsgruppe
  • Etablering av testteam

Forbetringar i 2020:

  • kommuneoverlege i 100% stilling – mykje møteverksemd oppfølging prosess på testing, «smittesporing»

Utfordringar i 2020:

  • Skaffe personale til å teste – finne eigna plassering for testing.
  • Mindre legeressurs til ordinære konsultasjonar på grunn av utvida kommunal stilling til kommuneoverlegen.

Avdeling hjelpemiddel forvaltning/formidling

Avdelinga har pt. 2 tilsette, ein i 100% stilling og ein 100% stilling med delvis lønsmidlar frå NAV.

Leverte tenester:

  • I løpet av 2020 har vi i all hovudsak samla alle kommunale hjelpemiddel på lageret i Setbakken
  • Hjelpemiddel gjennom NAV-systemet kjem til avd. ein gong i veka. Samanliknar ein 2020 med 2019, så er det auke i talet på brukarar som mottek hjelpemiddel, og det er auke i talet på hjelpemiddel som leverast ut. Totalt var det i 2020, 2.893, mot 2.624 året før. Ser vi på verdien av utleverte hjelpemiddel, var den for 2019 samla på kr.9.411.875,-mens den for 2020 var kr.11.342.110
  • I tillegg kjem hjelpemiddel som vert delt ut frå kommunalt lager, korttidslån. Dette er i stor grad hjelpemiddel som er rekvirert frå fysio-/ergoterapi, frå institusjonane, og frå brukarane sjølve, eventuelt pårørande. Dette er hjelpemiddel som vert henta inn igjen, vaska, desinfisert og satt i stand for nye brukarar
  • Utplassert 225 tryggings alarmar
  • Tatt inn og reprogrammert med nye simkort alle alarmar i tidlegare Eide kommune
  • Ved utplassering av «trygghetsalarm», skal det også være ein nøkkelboks.
  • Satt i stand 60 gamle nøkkelboksar (ein ny kostar kr. 1 500.)
  • Satt i stand 9 senger i samband med Corona beredskap, senger som stod lagra rundt om på institusjonane. No plassert på Eide sjukeheim.

Viktige hendingar:

  • Avtale med NAV om vidareføring av lønsmidlar ut 2020 for ein person som gjer at ein greier å møte og gjennomføre dei oppgåvene som ligg til avdelinga.

Forbetringar i 2020:

  • NAV hjelpemiddel hadde som krav i ny kommune at det skulle vere ein stad for levering og henting av hjelpemiddel.
  • Samling av alle funksjoner i avdelinga lokalet i Setbakken har i stor grad letta arbeidet med vask og arbeidet med reparasjonar av hjelpemiddel.

Utfordringar i 2020:

  • Det er berre ein bil tilgjengeleg for avdelinga. Dette er mindre enn før samanslåinga. Den bilressursen som tidlegare låg til Eide er ikkje overført hit. Det fører til betydeleg meir køyring med den bilen vi har og med dei utfordringane det kan være å dekke eksempelvis Jendem, Vikan og Strand på fornuftig vis. Avdelinga køyrer om lag 35.000 – 40.000 km i året.
  • Det har i 2020 vore stor etterspørsel etter bistand frå avdelinga: Henting av smittevernutstyr i Molde, køyre ut vaksiner, istandsetting og frakting av senger til Corona avd. på Eide, bistand med flytting av bebuarar frå Farstad
  • Avdelinga har også siste året bidratt til å halde hjelpemiddel på institusjonane ved like. Reparasjon av senger og personløftarar. Avdelinga har eit bra lager med delar, og vi har utstyr og god kompetanse på reparasjonar som trengs. Det må vere eit mål at dette ansvaret vert formalisert og at det følger med nødvendige ressursar.
  • Det må opprettast ei ny stilling ved hjelpemiddelavdelinga

Avdeling helsetjenesten ved Hustad fengsel

Avdelinga har tilsett 1, 4 stilling sjukepleiar – lege i 25% og fysioterapeut i 20%.

Leverte tenester:

  • Likeverdige helse- og omsorgstenester til innsette i fengsel.
  • Utlevering av medisin til innsette
  • Tilbod om samtale med lege
  • Tilbod om fysioterapi

Viktige hendingar i 2020: Auka fokus på smittevern pga Covid 19. Det var et tilfelle av smitte i fengselet og alle innsette vart testa av helseavdelinga

Forbetringar i 2020: Enklare søknads- og rapporteringsrutinar til Helfo vedr. midlar til drift.

Utfordringar i 2020: Auke i arbeidsmengde, både på grunn av Covid-19, men også økte pålagte oppgåver/deltaking i samhandling med fengselet. Lite ressursar personell. Mål for 2021 å auke sjukepleiestilling frå 40 til 60 prosent.

Kvalitet
Målbeskrivelse Mål Resultat
Legetjenesten

Flere velger fastlege i Hustadvika kommune

Ansette kvinnelig lege i ledig hjemmel Gjennomført
Smittevern/miljørettet helsevern

Hustadvika kommune har et oppdatert planverk

I løpet av 2020 Det blir jobbet med ulike planer

Har god oversikt over smittesituasjonen

Opprettholde god vaksinasjonsdekning, samt øke influensavaksinasjonsdekningen Covid-19 har teke all kapasitet ved smittevernavdelinga i 2020. Vi gjennomførte likevel vaksinering av sesonginfluensaen i 2020

Viderefører god tilsynsvirksomhet

Følger opp inneklima ved skoler/barnehager. Bruker spisskompetanse i miljøretta helsevern- konsulenttjenester (kystlab)
Fysioterapi/ergoterapi/friskliv/hverdagsrehabilitering

Gir forebyggende helsetjenester, tidlig innsats og rehabilitering

Videreføre forebyggende tiltak gjennom arbeidet i Frisklivssentralen På grunn av Covid 19 har det i 2020 vore redusert tilbod til m.a grupper. Dette skuldast mangel på lokale der ein kunne ta omsyn til smittevern. Tilbodet i 2020 har derfor vore halvvert

Implementert hverdagsmestring i hele Hustadvika kommune

Aktuelle tjenesteområder i Hustadvika har hverdagsmestring som arbeidsmetode Grunna Covid 19 har arbeidet her vore forseinka. Ikkje tilrådd å møtast for å implementere arbeidsmetode
Hjelpemiddelformidling/forvaltning

Bidrar til at innbyggerne i Hustadvika skal kunne ha en aktiv deltakelse i eget liv, ved at de får tilgang på riktige hjelpemiddel til rett tid

Har tilstrekkelig antall relevante hjelpemidler Etter etablering av Hustadvika kommune er alle hjelpemiddel samla ved avdelinga i Helse-huset Setbakken. Det er etablert eit stort lager av eigne hjelpemiddel. Andre vert bestilt frå NAV hjelpemiddellager

Har en velfungerende hjelpemiddelformidlings-tjeneste for hele Hustadvika kommune

Samordning av bemanning i avdelingen for å kunne møte utvidet ansvarsområde både i mengde og omfang geografisk Ein er ikkje i mål med å sikre stilling 2 som fast ved avdelinga. Det vert arbeidd med saka
Helseavdeling Hustad fengsel

Likeverdig helse- og omsorgstjenesten til innsatte, som befolkningen forøvrig.

Har nødvendig fagkompetanse Helseavdelinga har god bredde i fagkompetansen. Det er no behov for utviding av sjukepleier kompetansen

Ansatte har nødvendig videre og etterutdanning

Har nødvendig utdannelse Helse fengsel er ein spesiell arbeidsplass og det vil bli sett fokus på og gitt tilbod når det gjeld det særeigne ved helse i fengsel